Marius har fått vere heilt åleine om å få mykje oppmerksomheit sidan han vart fødd, så det vert spennande å sjå korleis han taklar at det kjem ein liten baby som han må dele oppmerksomheita med.
Siste tida har det vore mykje aktivitet inne i magen, og det har vore spøka med meir enn ein gong her i huset, at no kjem det ein villstyring og viljesterk krabat.
Vi kan umuleg vere like heldige ein gong til, med tanke på kor snill og "enkel" Marius har vore. "No kjem det nok ei skikkeleg urokråke!"
Vi har tenkt tanken på at mange ting som har vore sjølvsagte med Marius kanskje vert heilt annleis med nestemann, som til dømes både eting og soving. Alt dette har vore så enkelt, og vi har tenkt ofte at det er ikkje sjølvsagt at det skal vere slik. Humøret til Marius er også heilt utruleg. Så lenge mat, søvn og bleie er i orden, er smilet på plass, frå tidleg morgon til kvelden og leggetid. Protestar har det vore lite av. Vi er så heldige som har ein så flott gut!
Marius'en vår har etterkvart vorte stor gut, barnehagegut. Han klarer så mykje no, spring rundt, klatrar, et sjølv, poplar og pratar, og forstår så utruleg mykje av ting som skjer, beskjedar han får osv. Det er ikkje lett å huske at han for 1 1/2 år sidan låg nyfødd i armane våre på sjukehuset, hjelpelaus og totalt avhengig av oss.
Ein flottare gut kunne vi ikkje fått. Difor tenkte eg no at vi måtte mimre litt, og legge ut nokre bilete av tida frå Marius vart fødd og fram til no. Vanskeleg å velge ut, så det vert nok ein del...vel, vel...vanskeleg å la vere å legge ut bilete av det som vi meiner (heilt upartiske sjølvsagt..!) er nydelegaste guten som fins.

3 kommentarer:
Han e so gode dinna guten atte! Trur ikkje ej he sett na sure en einaste gong.
Kanskje det verte en svigerson ditte;-)
Gratulere me 1 1/2 år!!!
Takk! Han e sjelden sure ja..me he vorte litt godt vande der. Fe sjå ka so kjøme dinne gonge. Kanskje me fe litt meir utfordringa enn me he hatt. Uansett so verte d no meir travelt med to små enn berre en. Og ettekvart so han Marius vekse til so rekna ej me at både vilje og meininga kjøme sterkare fram, samtidig som at det verte vanskelegare å snakke nå vekk, so me he vel litt av kvart i vente;-)
Gratulere så mykje med ettoghalvt-åring i hus! Marius sprer mykje latter og glede - det er ikkje vanskelig å sjå eller forstå! :)
Dokke he ein nydelig gut og eg glede meg til å følgje utviklinga til han og den (snart) nyfødde. Masse lykke til med fødsel og første tida :) Blir nok veldig stas med ein baby i hus igjen c",)
*gode klemma*
Legg inn en kommentar