tysdag, september 01, 2009

Framgong på loftet.

På loftet har vi prøvt å kome i mål til babyen kjem, men det er vel slik som med det meste av oppussingsarbeid, at det som regel tek lenger tid enn ein reknar med. Vi rekk ikkje å flytte opp på loftet før fødselen slik vi tenkte, men vi er likevel fornøgde med å ha kome så langt på veg som vi har gjort. Ei stund var det berre riving og kaos på loftet, medan vi no ser at det sakte, men sikkert vert hus igjen.
I gangen reiv vi mange veggar og skap, før vi endeleg fekk legge nytt golv og få plater på veggane igjen. No er det snart klart til tapetsering. Dørene som står i vinkel på 45 grader er inn til det som skal verte Marius sitt rom (til høgre) og gjesterom/ etterkvart babyen sitt rom (til venstre).
Her er soverommet til venstre. Vi har ikkje gjort så mykje anna enn å male veggane, listene og lagt nytt golv. (Her var vegg-til-vegg-teppe før.) Soveromma er ganske like, og manglar no berre lister, så er dei ferdige. Eller, det vil seie, på Marius sitt rom skal det vere tapét på eine veggen, og den er ikkje ferdig enno.
På kjøkkenet er det mykje rot endå, men der er eigentleg mykje som er ferdig. Vi har fått på benkeplate og skiferlaminat over benken. Her står att listing og legging av golv.
Nye, kvite dører er på plass i gangen. Vert kjempefint, men det har vore veldig mykje "påt" for å sette inn karmar, framfóringar osv når golv og veggar er skeive, ulik tjukkleik m.m.

Golvet i gangen er førebels mitt store risikoprosjekt. Er pr i dag veldig fornøgd med valget, og synest det er kjempestilig. Er litt usikker på om det er såpass dristig at eg kjem til å verte fort lei av det, eller om eg er like fornøgd med det om 5 år.
Badet har vi ikkje fått byrja på skikkeleg, så det ser førebels slik ut.....mykje arbeid som står igjen med andre ord.

Må få ta med til slutt at vi har vore utruleg godt hjelpte heile sommaren.(Både inne og ute, oppe og nede!) Pappa, som har vore bygningsmann av yrke før, har vore her dag ut og dag inn, og er den som har kava og stått på, mest på loftet, men også ute i slåtten og elles. Vi hadde ikkje kome langt utan. Mamma har også vore på loftet og mala, og ho har passa Marius når eg har vore sliten. Kva skulle vi gjort utan dei?? Vi er så utruleg heldige!

5 kommentarer:

Åse-Lill og Runar sa...

Kor fint det verte Anette! Det kjeme til å verte kjempe fint når det e ferdig:)
Ej he sagt det før og ej sei det igjen, dokke må berre sei ifrå om dokke trenge hjelp til noke... uansett ka det e! :)

Randi sa...

Kor kjekt å sjå kor alt tek form! Verte kjempe fint :)

Birgit sa...

Kor fint dokke fe d!:)Å ditta golvet vart ej nysgjerrig på..Kar d e kjøpt?Stilig va d!:)

Dagfinrud Moe sa...

Takk for det alle tre!
Ska prøve å oppdatere litt oftare. Litt kjekkare no når det skjer ting so vise gjen. Gangen e faktisk nesten ferdig tapetsert også no, so ej lyte sta å ta litt bilde.
Birgit: Golvet e kjøpt på Malia. E frå en leverandør so heite kronotex. Dei hadde ei veldig bra nettside faktisk (tysk), kronotex.com, der du kan velge en type rom, og so kan du velge ka golv so ska vere på det golvet, so fe du på en måte sjå korleis det verte. Veldig stilig, syns ej då. Vart kjempefornøgde me golvet også, e i vertfall fornøgde so longt!

Birgit sa...

Hm...Lure på å pusse opp gangen snart,å teppeflisane he fått hard medfart ta alt trakket ut og inn på badet under oppussinga.Men først skulle ej vel ta kjellergangen..Å kjellerstova..Akk,ja!:)
Monge fine fotografbilde,forresten!Hekje slikt av mi,ej.Men va heldige me at fadderen hinna e en dyktige fotograf:)