Igår:
Marius fekk hjelpe Besta å lage skillingsbollar igår, og stod konsentrert og fylgde med på korleis det skulle gjerast. Besta viste korleis vi skulle trille ut bollane, og Marius fekk prøve kjevla også.
Marius fekk lage sin eigen bolle, og hadde også eit ord med i laget når bollane skulle plasserast på brettet.
Drikkepause undervegs er også viktig...
Prøvesmaking til slutt. Marius slukte bollen sin så fort at det var berre såvidt eg rakk å ta bilete. Det tyder vel berre på at bollane var gode, for det var dei!
I dag:
Her er vi på besøk med "Ovaova"/farmor. Kristian kom etter skule, og sette seg ned for å gjere lekser, og då gjorde Marius det han kunne for å få oppmerksomheit frå "helten" sin. Først klatra han opp på skammelen på stolen og prøvde med ulike ablegøyer der. Men Kristian fortsette med leksene. Så tok han pennalet, og stakk av med nokre blyantar. Heller ikkje det gjorde susen. Så tok han all legoen på golvet og la i fanget til Kristian. Men nei, det var ingen respons å få. Då tok Marius på seg lua og skoa til Kristian, og tok med seg paraplyen som låg i ranselen. Her er vi på veg ut med heile stasten på og paraplyen i handa. Då måtte Kristian legge frå seg leksene litt.Ho frøkena her var blid som ei sol før vi skulle fare tidlegare idag. Vi var på Kulturhuset og fekk vaksine alle mann, så då er det også gjort. Mariell sov heile tida, og borte med Farmor sov ho så lenge at vi nesten gløymde at ho var der. Vi fekk middag og dessert, og høgdepunktet for Marius var nok "Drømmehagen" på TV. No i kveld etter eg kom heim rett og slett hylte Mariell av latter, så det er ei utkvild og blid taus som ligg her no. Tenk å vere så bedageleg..
Dette har vore to dagar med skikkeleg kvalitetstid i lag med gode besteforeldre. Dei er gull verdt!
2 kommentarer:
For noen kvalitetsdager dere har hatt da!!! Det er så kjekt med sånne dager:)
Mariell er jo en like stor sjarmør som storebroren sin! Dere er velsignet med to utrolig nydelige unger! FANTASTISKE ER DE:)
Ser ut so dåkke he kosa dåkke veldig ja. Heilt utrulig kor søskenlike dei e dissa to gulla dåkka ;) Nydelig fine, begge to! Ha ei fin adventsstund. Klem
Legg inn en kommentar