måndag, november 23, 2009

Nokre blinkskudd...

Sat og bladde litt i mappene på datamaskina og fann ut at det var nokre gode bilete eg ville legge ut på bloggen. Eg vart i godt humør av å kike på dei, så kanskje nokre andre også vil smile litt...


Kva er det som er så morsomt, skal tru?

Marius som "knusekosar" med pusen..."Bæjæ??" Sei han, og meiner at han skal bære pusen...

Marius er veldig glad i smokken sin, og han går gjerne med to i slengen.

Nesten kvar kveld får vi sjå at det går an å sove i alternative sovestillingar.

To gode kompisar..

Boblebad var kjekt.

Besten og Marius i tøysehumør. Har mykje artig ilag dei to. "Dææææ e nasa!"



Skal tidleg krøkast, som god sjåfør skal bli...


Ferdig med fjøsstellet for idag. Marius får gi kalvane høy og mjelk på flaske. Likar seg godt når han får vere med pappa i fjøsen, og er flink å hjelpe til og passe seg.


Her er vi klar til å reise på overnatting med Besta og Besten.


Mariell med eit litt artig ansiktsuttrykk. Passa litt godt til teksta på body'en: "Where is my teddydoctor?"


Til slutt eit redigert bilete av den rosa prinsessa vår.

Ingen kommentarer: