For nokre veker sidan var eg innom skulen eg jobbar på for å helse på elevar og kollegaer. Det var eit veldig hyggeleg gjensyn, og eg merka at eg har sakna dei veldig. Mykje skjer som ein går glipp av, så sjølv om eg kosar meg med å ha permisjon, skulle eg også ønske at eg fekk vere med på det som skjer på jobb. Elevane veks og forandrar seg så fort.
Her er to av jentene på skulen. Dei var med opp på loftet på lærarrommet. Sjølv om skuledagen var ferdig og dei eigentleg skulle vere i kjellaren på SFO, klarte dei ikkje heilt å gå ifrå oss. Vi hadde ei skikkeleg koseleg stund ilag på loftet, og dei fekk sjølvsagt lov til å halde Mariell.
Marius var også med, og fekk sparke fotball med "storegutane" ute.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar