tysdag, november 03, 2009

Bloggalbum

I det siste har eg sett at bloggarar rundt om har bestilt seg album av bloggane sine.
Sidan dei har sett ut til å vere fornøgde med resultata, måtte eg også prøve dette, og bestilte album frå USA.
Det er nokre dagar sidan eg fekk dei i posten no. Eg bestilte 3 album, ein for kvart år bloggen vår har eksistert. Albumane er kjempefine, og det vart 3 ganske tjukke bøker.

Det er godt å vite at den tida eg har brukt på å lage bloggen ikkje har vore heilt vekkasta, men at eg no har fått utskrift av den for ettertida.
Kvaliteten og prisen var det ingenting å seie på, så dette kan eg anbefale til andre bloggarar også. Takk til de som har skrive om denne sida på bloggane dykkar, slik at eg også fekk vite om det.
Om du no sit og lurer på om du vil sjå kva dette er, kan du gå inn på denne sida:
Lag bloggalbum her

4 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Heia. Sakna dej på klubb i går. Haure du va sjuk...god bedring, ekje kjekt å vere sjuke me småfolk i hus!!
Berre lurte på om du he gjort nåke spes me bloggen din? Fe ikkje opp nye innlegg på sida mi...

Tove sa...

Dette ser så spennande ut at eg trur eg må ta sjansen på å prøve! Kan eg få spørje kva du betalte, og om dei norske bokstavane æ, ø og å er med???

Dagfinrud Moe sa...

Der e norske bokstava ja. Prisen vakje nåke å seie på. Ej valgte å bestille album etter kalenderåret, og då vart det 3 album med veldig ulik størrelse (-07,-08,-09), men dei va sånn ca 200 kr. Du fe oppgitt prisen før du bekrefta bestillinga syns ej å huske, og frakta vakje dyre den heller. Kjøme veldig an på kor monge side du skal ha, og om du bestille med hardt eller mjukt omslag. Ej bestilte med hardt omslag og vil anbefale det. God kvalitet. Einaste som kan vere eit (veldig) lite minus e at bilda kjøme litt sånn uavhengig av teksta av og til...

Ej e sikker på du verte fornøgde viss du prøva;-)
Lykke til!

Solveig sa...

Ej he bestilt 4 av dissa albumane, og dei ligg no i skapet. Oss e kjempefornøgde med dei. Heilt supert å ha bloggen i albumform. Som du sei, so e det godt å vite at alt arbeidet en he lagt i bloggen kan takast skikkelig vare på! Håpe det gjeng bra med dåkke alle sammen :-)