laurdag, mars 10, 2012

Familieselskap for Marius.

Idag har vi hatt familieselskap og feira Marius. Vi vart 22 (!!) til saman, og det var veldig kjekt å samle gjengen. Vi fekk litt utfordringar med å finne sitteplassar til alle, men det såg ut som alle kosa seg. Marius hadde nesten ikkje tid til å ete, for han fekk så mykje fint han måtte prøve.

Eg synest også det er så kjekt når alle “gutane” (dei fire eg er tante til) kjem. Det såg ut som dei kosa seg på kjøkkenet med kortspel og god mat. Det er kjekt for tante Anette at dei tek seg tid til selskap, sjølv om dei sikkert har mykje anna dei ville bruke ein laurdag til.

Familieselskap mars 2012 010 

Sjølvsagt måtte Marius blåse ut lysa på kaka idag også.

Familieselskap mars 2012 002

Dei minste rundt bordet. Hadde besøk av Martine også, som er syskenbarnet til Mathilde. Det var veldig kjekt.

Familieselskap mars 2012 015

Mathilde klar for litt kake.

Vart ikkje tatt så mykje bilete idag, men det vart rett og slett gløymt. Hadde det litt for travelt med å prate med alle, sjå etter ungar og ordne med mat.

Tusen takk til Annemor som stiller som kjøkkenhjelp og ordnar med det meste. Hadde ikkje klart meg så bra utan! Du er gull!

1 kommentar:

Randi sa...

Ser ut som de har hatt veldig kjekke feiring, der både store og små har storkosa seg :)