Idag, på sjølvaste kvinnedagen, har Marius bursdag. Tenk at det har gått 4 år alt.
Eg skal prøve å la vere å leite fram alle “nyfødd-bileta” igjen, men eg kjenner det stikk litt i hjertet på slike dagar. Det er så kjekt å sjå han vekse opp og verte stor, samstundes så er det ei tid som går så altfor fort.
Kvar alder har sin sjarm, og no er Marius i ein alder som eg er heilt fascinert av. Han er mottakeleg for nesten kva som helst. Lærer så utruleg fort, og får med seg så utruleg mykje. Ikkje rart det blir sagt at ungar lett kan lære to-tre språk i denne alderen, for her er det verkeleg snakk om klisterhjerne. Skikkeleg stilig no når han er veslevaksen med kommentarar og fakter han har ifrå oss. Det er ofte vi får høyre igjen akkurat det same vi bruker å seie til han.
Igår hadde vi fri, eg og ungane, og eg brukte dagen til å førebu barneselskap kl 17. Marius gledde seg veldig, og visste ikkje heilt kva han skulle finne på for å få tida til å gå.
Eg var så heldig å få besøk av svigermor, og då fekk eg litt ro på kjøkkenet til å bake og styre litt. Det er ikkje alltid så enkelt med to minikokkar som er veldig hjelpsame.
Kl vart omsider 17, og vi var 8 ungar rundt bordet. Stemninga var tullete og høglytt, sikkert nett slik det skal vere i ein 4-årsbursdag. Likte best prompe-humoren, som gjekk ut på å seie: “Ej he ete prompen min!!” Eller: “Ej he ete opp bæsjen min!!” Og så le veldig falsk latter etterpå. Resten av gjengen rundt bordet måtte også le falsk latter. Det gjekk slik ei stund, heilt til ein av dei ropte: “Ej he ete opp sjokoladekaka mi….!!!” Då vart det plutseleg heilt stilt….Då lo eg…hehe, synest det vart litt komisk.
Klar for å blåse ut lysa på kaka.
Etter barneselskap og feiring i barnehagen er det familieselskap som står for tur, og det skal vere på laurdag, og det gler Marius seg veldig til. Det er så svært med besøk.
Vi gler oss veldig til det alle saman.
Men det er idag som er sjølve dagen, og då Marius skulle legge seg ista, sa han med eit smil om munnen: “Tenk at ej e fire år då, mamma.” Så let han att augene og sovna… Lykke <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar