onsdag, mars 14, 2012

Ny gymsal på Sæbø

Tidleg i februar vart ein flunkande ny gymsal ferdigstilt på Sæbø. Gymsalen til Sæbø skule har i årevis stått med lekk tak og vore klar for utskifting. No er endeleg nyegymsalen ferdig, og der er full aktivitet kvar dag. Mange lag og gjengar har fått tid i salen for å drive "gubbetrim", zumba og småbarnstrim. Vi har vore der tysdagane, for då er det trim for dei frå 0-6 år. Ungane storkosar seg, og den nye gymsalen er kjempeflott.


Kjempeartig med slik stor "fallskjerm" som alle fekk halde i, gå under osv.


Her står Mariell i bakgrunnen og held i. Ungane hylte og fryda seg då den for opp og ned.


Full konsentrasjon.


Kjekt å klatre.

Ingen kommentarer: