Igår fekk vi telefon frå barnehagen om at Marius hadde kasta opp, så då fekk vi sjuka som har gått runda i barnehagen opptil fleire gongar no etter nyttår. Vi hadde nesten byrja å håpe at vi hadde gått klar, sidan så mange har hatt det både ein og to gongar, og vi ikkje fekk det. Men no var det altså vår tur. Ei lita stund etter at Marius vart dårleg, vart også Audun dårleg. Eg og Mariell prøver så godt som det er råd å halde oss friske, men det skal vel godt gjerast.
I vertfall har vi prøvt å gjere det vi kan for å ikkje vere altfor mykje ilag med “sjuklingane”.
Så i dag vart det då ein skikkeleg utedag på oss. Fint vårvêr og god temperatur, og ikkje minst: Endeleg vegar som ikkje har ein halv meter téle! Mariell fekk testa på trehjulssyklar og tohjulssyklar, inspisert elvane, reia, leika i sandkassa, og leika med dokke/dokkevogn. Og gjett om det er ei som kosar seg når ho får vere i fred ilag med mamma. Det er noko heilt anna enn når dei er ilag ivertfall. Vi gjekk ein lang tur med dokkevogna, og Mariell passa på at eg ikkje vart hengande etter. (Les: Mamma prata i telefon heile tida nesten, og Mariell snudde seg nesten heile tida og sa: “Ej venta på dej alså, mamma!”)
Det var så kjekt å kunne sleppe regnkle, vottar og snø. No er vi klar for vår!
Syng og trallar heile tida, og koooosar seg ute.
No får vi berre håpe at Marius og Audun vert fort friske, og at eg og Mariell klarer å lure denne stygge sjuka. Fysja…!
Ha ein god fredagskveld vidare, folkens!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar