søndag, april 01, 2012

Vinter igjen…

IMG_0897

Siste innlegget mitt viste korleis me kosa oss ute i fint vårvêr. Siste dagane har vi hatt alt anna enn fint vårvêr. Snøen lavar ned, til stor glede for dei som vil på ski i påska. Men for oss andre er det vel helst til irritasjon. Eg er ikkje så glad i snø, så eg arbeider hardt med meg sjølv for at ikkje mine haldningar skal smitte over på ungane. Så i går var det berre å seie :“Jippi, vi skal ut i snøen og leike!”, med passeleg entusiasme i stemma, og ungane var heilt med.

Eg rakk akkurat å ta bilete av ein heilt sjølvlaga snømann. Marius var så kry, men det varte desverre ikkje lenge før sabotøren (les: Mariell) kom og øydela heile stasen, så vi måtte hastebyggje den på nytt.

IMG_0901

For at mor skulle få utfalde seg også, laga vi ein snøhest/katt..

IMG_0912

Vél inne igjen var det godt å avslutte dagen med eit varmt og godt bad.

IMG_0932

Badeløva Marius viser sitt beste triks.

IMG_0928

Mariell må vise at ho ikkje er noko dårlegare….hehe…

IMG_0924

Tøysekoppane.

IMG_0938

Då vi var ferdige å bade kom Kristian og onkel Pegge ein snartur, og det var stas å få sitte med Kristian å lese bok. To nybada gull, som var ganske klare for senga.

IMG_0871

Til slutt må eg berre minne meg sjølv på kor kjekt det var for berre ei lita veke sidan, då vi hadde med oss syklar og kosa oss i sola på besøk med besta og besten.

Vi ønsker våren velkomen tilbake snarast!

1 kommentar:

Randi sa...

Ser no ut som de hadde det like kjekt i snøven som i vårværet :) Syntes det var greitt med snøv i påska eg, har trua på at den ikkje vert liggande lenge og at våren snart er tilbake. Har ikkje turt å sjekke meldingane, men kryssar fingrane for litt opphald innimellom ;) Så fine dei er, Marius og Mariell! Så gode i smilet :) Det må vere kjekt å ha born som ein ser er så like seg... for Mariell er innmarig lik mora si altså! ;) God påske til deg og dine, Anette! Klem