Denne veka reiste eg til Bergen på kurs. Der fekk eg bu med Audun sitt søskenbarn med kone og barn. Etter at kurset var ferdig på tysdag, brukte vi onsdagen til å kike oss rundt i Bergen by. Eg har ikkje vore i Bergen sidan eg var lita jente, så det var kjekt å få litt omvisning.
Her er eg på Fløyen, med flott utsikt over Bergen. Her skal vi absolutt ta turen fleire gongar, men då skal vi ha med ungar og grillmat og ta oss litt betre tid innover dei flotte turløypene innover skogen. Der såg det kjempefint ut.
På Fløybana på veg nedatt. Spennande og artig. Ser føre meg at ungane hadde digga det. Rart når ein er på tur åleine…gjekk heile tida og tenkte at eg skulle hatt med ungane, og at det var så rart å vere utan dei…. <3 sakn!
Lengta etter desse to smilande gulla:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar