Med farmor i Ørsta er der ei triveleg nabodame som har ei jente på same alder som Mariell. Dei har vorte litt kjende med kvarandre og besøkjer kvarandre når Mariell er i Ørsta. Sist vi var med farmor fekk vi kome bort og helse på kyllingane dei har fått låne. Dei lånte seg ei rugemaskin og fekk klekke ut kyllingane. Marius var der nokre dagar tidlegare og i helga fekk eg og Mariell også kome bort og sjå. No var dei ikkje så små lenger, og sjølv om dei berre var nokre dagar gamle hadde dei vorte ganske store og viltre. Det var litt vél spennande å klappe og halde, så det måtte eg ta meg av. Marius torde til slutt å halde ein, men det var berre sovidt..Men utruleg søte var dei då. Og ungane syntest det var veldig spennande å helse på.
Marius med ein liten, svart kylling i handa.
Ute av buret…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar