For litt sidan vart eg plutseleg overraska over at Mariell teikne sin første “foting”, dvs eit haud med armar og bein, noko som ofte er første måten ungane teiknar folk på. Ho har hatt stor interesse av å teikne lenge, og sit ofte og fargelegg i bøkene sine. Ho har brukt vel så mykje tid på dette som Marius. Han har ikkje vore så interessert.
Slik ser første fotingen til Mariell ut:
Eg laga litt oppstyr og tok bilete av den, og det heile gjorde eigentleg at Marius fekk litt lyst til å vise kva han kunne. Eg har ikkje sett at han har teikna anna enn bilar og bussar, men plutseleg laga han denne:
Måtte skryte mykje av denne. Den var skikkeleg sjarmerande, synest eg, og Marius vart kjempekry!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar