Mariell har ein fin stol som passar godt til spisebordet, men siste vekene har ho skubba den vekk. Ho skal nemleg stå og ete. Det er ikkje råd å få ho til å sitte….eit av mange merkelege påfunn frå denne dama her…
Og det er spor etter ho overalt…
Synest det er kjekt å kome heim og finne bamsen fint pakka inn i teppe på sofaen…
Som regel er ho ikkje heilt åleine om å finne på rare ting då…her hadde vi akkurat ete frukost, og plutseleg høyrer eg nokon som ropar frå stova: “ Me e so trøtte at me må berre kvile oss litt me, mamma. Kan du kome og breide på oss pleddet?” Og så høyrde eg høglytt snorking (og fliring…)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar