onsdag, november 05, 2008

Barseltreff på Vartdal.

Tysdag var vi med Therese og Brage på barseltreff. Vi var 6 born denne gongen, og vi merka godt no at dei har vorte større sidan sist. Både lydnivået og mobiliteten har endra seg sidan sist. No har dei fleste begynt å flytte på seg, og fleire kan å sitte sjølve. Det er så rart å sjå kor fort ting endrar seg berre på nokre veker. Etter ein trilletur der dei fleste borna tok seg ein lur (ikkje Marius, for han vil sjå og fylgje med på det som skjer...) gjekk vi inn til Therese og fekk servert mat og drikke. Ungane leika seg på golvet, og utforska rommet. Ivertfall gjorde Marius det...han var overalt, og det var berre å rydde unna på bordet.
Marius skulle klatre og røyse seg etter alt han såg etter alt han fann. Det gjekk utover stakkars Brage. Han vart brukt som klatrestativ og enda opp med kloremerke under eine auga.
Marius prøvde lenge å kome seg opp på denne stolen, og då han klarte det prøvde han å klatre vidare til TV-benken for å nå tak i nokre spennande fjernkontrollar...her er det berre å passe på.
Vi prøvde han litt i ei leikegrind. Det var kjekt å "snakke" med Matias på utsida.
Tausene er i mindretal i barselgruppa vår, men gjer ein god jobb med å sjarmere karane. Her er det Sigrun Viktoria som sjarmerer.
Dådyrblikk frå søte Endrine.

Ingen kommentarer: