fredag, november 14, 2008

Ny utfordring..

Eg har fått ei utfordring frå Siril, og den skal eg prøve å svare på så godt eg kan.
Den går ut på å fortelje 7 ting om meg sjølv som du kanskje ikkje veit om meg frå før.
Visste du at….

1. …eg hoppa rett inn i ein vegg på handballtrening ein gong, og braut kragebeinet då eg hoppa på springbrett og skulle ta salto? Eg skulle prøve å finne ut om det vart betre sprett dersom vi la to springbrett oppå kvarandre. Det vart det… I tillegg har dette ”stuntet” resultert i at eg ikkje torer å ta salto meir…

2. …eg kyssa Audun for første gong då eg var 17 år? Eg sende ein SMS og baud han på kino også, men det var på den tida ikkje alle mobilar kunne sende SMS, så Audun fekk meldinga, men kunne ikkje svare. Han såg heller ikkje kven som hadde sendt meldinga. Då det ikkje kom noko svar, torde ikkje eg å mase meir, og tolka det som eit ”nei”…. Og det skulle gå mange år før vi fekk klara opp i den misforståelsen. Det var ikkje før eg var 22 år vi vart kjærestar;-)

3. …eg har operert ut alle visdomstennene, og flytta kjeven? Hadde kryssbitt før…

4. …eg har ein grusom spy-angst? Alt som handlar om spy, skyr eg!! Får heilt hetta, om det er på TV eller film, eg skiftar kanal med det same! Det er lyden som er verst. Og grunnen er min kjære bror, som skremde meg slik då eg var lita og måtte ligge vegg-i-vegg med han då han var sjuk. Så ”Senkveld-duellen” i kveld, den skal vi hoppe glatt over,( sjølv om det vanlegvis er eit av høgdepunkta i veka,) for der skulle dei ta karusell og sjå kven som klarte seg lengst før dei måtte spy… Er det verkeleg folk som synest sånt er gøy, spør no eg?

5. …eg gjekk mutters åleine rundt i London som 16-åring? Eg var på språkreise, og kom vekk frå klassa då vi skulle på Madame Toussaud’s. Dei hadde reist med undergrunnen medan eg enno stod og ordna meg billett, men etter å ha studert kartet, fann eg vegen til Madam Toussaud’s sjølv, og der stod det ei bekymra venninne og nokre småredde reiseleiarar. Språkreisa var forresten ei kjekk erfaring å få med seg. Vi køyrde buss frå Oslo til Frankrike, og var i Disneyland der, før vi køyrde heilt til sørvest-kysten av England, til ein stad som heiter Tourqey. To av dagane reiste vi den lange vegen til London og fekk med oss dei største sjåverdigheitene der, og i Tourqey budde vi i ca to veker med ei vertsfamilie og gjekk på skule.

6. … eg har samla på bindersar, viskelær, frimerke, serviettar, brevpostar, såpe, myntar, glansbilete og klistermerke?

7. …eg elskar Audun og Marius over alt på jorda? Ja, det gjorde du sikkert, men no kom eg ikkje på fleire punkt. Trur ikkje det var så mykje av dette som var så ”hemmeleg” akkurat, men det var dette eg klarte å kome på…er ikkje så flink til å huske, så eg har ein følelse av at det er fleire der ute som har betre historier enn dette…

Eg takkar Siril for utfordringa, og sender den vidare til Åse-Lill og Lene.

Ingen kommentarer: