Det har vore mykje som har skjedd siste veka også, og vi har vore mykje på farta.
Marius har vore litt plaga med laus mage. Eg trudde først det var magesjuke, men det forsvann liksom aldri, og forma elles var heilt fin. Eg fann ut at eg skulle prøve å gi Marius loffskiver istaden for grovbrød, for å sjå om det rett og slett kunne vere at han fekk for mykje fiber. Nestle sine babygrautar er også grove, så det er då "måte på" kor mykje grovt (sunt?) ein baby skal ha. Hardt for magen ser det i vertfall ut som det har vore, for no har det retta seg ein god del.
Vi har feira Mathilde denne veka. Ho vart 7 år 20. november.
Mest spennande denne gongen var ein gyngehest vi fekk prøve. Marius og Matias brukar å finne tonen fort og det gjorde dei også denne gongen. Her er Marius på gyngehesten, og Matias står og held i den attmed og dei flirar begge to.
Babybadinga vart avslutta denne veka, og vi tok bilete under vatn. Marius hadde nisselue for anledninga, og var veldig flink å dukke. Bileta har vi ikkje fått endå, men vi har nokre bilete av Marius med nisselue over vatn då...Vi fekk handla litt julegåver, og så fann vi juleantrekk til Marius. Det måtte sjølvsagt prøvast, og her ser vi lisjemannen i finskjorte med sløyfe, vest og dressbukse. Å ta mamma sitt kamera er visstnok ein leik for tida, så for å ta bilete av Marius no må ein vere rask..viss ikkje kjem han altfor nær..men her rakk eg å sette han ned...han hadde ikkje tid til å posere denne karen, men kleda passa vertfall.
Stilig eller?
3 kommentarer:
Gleder meg til å se bildene av Marius under vann!!! Det er så tøffe bilder synes jeg. Vi gjorde det med Tiril, men har ikke gjort det med de to andre. Det angrer jeg litt på da.....
Det er mulig jeg skal på Ørsta handel på fredag etter skolen(Tiril slutter 12). Må blant annet en tur på Jysk å sånn. Kanskje vi kan ha et kafe-treff da om dere er i nærheten?
Det er ikke avgjort at vi reiser enda, men jeg tror det (om alle er friske og raske) I dag har Tilda feber siden hun fikk vaksine i går, men jeg regner med det går fort over;)
Hei.
Flott blogg du har, masse fine bilder av Marius. han er berre so nydeleg.
Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min
Flott blogg du har laga. Undervassbilder er gøy, tok det i oktober vi. Flott og stor gut du har. Kos dokke i førjulstida!
Legg inn en kommentar