fredag, november 14, 2008

Kafébesøk idag

Idag har vi hatt ein skikkeleg kosedag. Det har vorte litt slik at fredagen er einaste dagen der vi ikkje har noko planlagt. Mandagane er eg på jobb, tirsdag er det barseltreff, onsdag - babybading og torsdag - babysong. Sjølv om desse tinga er sånn vi er med på fordi det er kjekt og ikkje tek heile dagen, er det litt godt å ha ein vekedag som er heilt blank og ingenting er planlagt.
Då vi fekk vite at Marna var i Ørsta no, så avtalte vi liksågodt eit kafébesøk. Kjekt å sjå kor dei veks dei små, og Theodor, som er ca 2 mnd yngre enn Marius hadde vorte veldig stor sidan sist vi såg han. Vigdis Høydal var også på kafé ilag med oss, og ho fekk ei nydeleg lita jente, Synne, i sommar.

Vigdis og Synne

Theodor

Etter at eg (litt småflau) plukka fram fotoapparatet og knipsa kjapt, spurte Vigdis: "Skal ej ta bilde ta dokke me?"
Den er ikkje så ofte vi får høyre. Det er alltid "Du og ditta fotoapparatet ditt"-type kommentarar...
Men skal det takast bilete her i huset, er det eg som lyt ta dei, for Audun kjem ikkje på det. Skuldar på at kameraet, at det er for avansert..
Så mange bilete av meg og Marius vert det nok ikkje, men då var det så kjekt at Vigdis tok eit av oss idag.

Sidan Audun som regel gjer fjøsen i helgane, vert middagen litt stressopplegg, så då vi kom heimatt idag fekk eg så lyst å lage ein litt god middag..Fårikål! Eigentleg litt søndagsmiddag, for fredagskvelden er litt sånn kosekveld.
(Vél og merke stakk Audun av no nettopp, for å arbeide ute i pøsregn...arbeidskar er han, det skal han ha!)
Men det vart altså fårikål til middag idag, og det var kjempegodt!
No er det kveldens høgdepunkt på TV'en: Beat for beat;-)

God fredagskveld alle sammen!

Ingen kommentarer: