måndag, november 03, 2008

Bursdagsfeiring

28 år... Tenk at eg er 28 år..
Det er rart å tenkje på. Synest ikkje det er lenge sidan eg var 18...og no er det 10 år sidan. Eg er slik at eg alltid gledar meg veldig lett til ting som skal skje, og bursdagar brukar å vere eit av høgdepunkta i året. Ofte har eg tenkt at det er litt rart at nokon vil halde bursdagen sin hemmeleg, og at det å verte gammal skal vere slik ei stor greie, for selskap og bursdag er då berre kjekt. Men i år kjende eg at eg hadde ingen trang til å spre ryktet om bursdagen min...det var igrunnen heilt greitt å ikkje seie så mykje om det. Så eg har heller ikkje sagt så mykje. Eg gjekk på jobb, og ingen visste noko. Eg var veldig fokusert på at vi skulle starte med noko nytt i første timen, og at vi då ikkje hadde tid til noko slags utskeiingar, for vi hadde stram tidsplan. Ut på dagen kom eg til at det var litt stusseleg å gå rundt å halde det for meg sjølv. Elevane fekk vite det, og det vart god stemning i klasserommet. Vi song bursdagssong og elevane brukte friminuttet til å lage kort til meg. Dei er så kjekke!
Sjølv om eg ikkje hadde invitert til selskap heime, kom det litt gjestar. Det vart eit kjempekoseleg selskap. Eg steikte svele i gårkveld og hadde heimelaga is i frysaren i tilfelle, så då var det berre å diske opp. Likar litt sånt;-)
Det var uansett veldig kjekt å få besøk. Mathilde, Janne, Ragnhild, og mamma og pappa kom. Marius vart heilt gira då Mathilde kom, og det såg nesten ut som han ville angripe ho.
Då det nærma seg leggetid for Marius fekk Mathilde prøve å gi han kveldsmat. Ho var kjempeflink, og det var Marius også. Sjølv om det gjekk litt lenger tid og vart litt meir rot enn vanleg, godtok han det, og Mathilde kosa seg som matmor.

Mathilde gir Marius graut.

-"Gap opp!"

3 kommentarer:

Dagfinrud Moe sa...

Må få legge til at meda ej skreiv innlegge her so tenktikkje ej på at bursdagen min he leie ute på facebook, så når ej logga inn der no, so forsto ej ingenting, for d va vanvittig monge "notifications" innpå der...
Kjempekjekt at so monge he lagt igjen helsinga der. Skolle ønske d kom like monge kommentara her innpå. Va over 40 stk. Men ja...no forstår ej kafør ej he fått so monge tekstmeldinga me idag. Tenktikkje på at d va på facebook folk fann d ut. Kjekt va d no uansett. Tusen takk for alle gratulasjona!!

Lillabethos sa...

Hehehe, jeg har det skrevet opp på kalenderen min på kjøkkenet, så da jeg sendte melding i går, var det rett og slett fordi jeg visste om det og har "lagt det på hodet"! Så jeg kan ikke takke facebook denne gang.........
Håper du hadde en flott dag med alle dine nærmeste;)
Glad i deg!
Klem

Åse-Lill og Runar sa...

Ej huska at du hadde fordi søskenbarne mitt ha samme dag, men ej dobbeltsjekka på facebook:) Litt for domt å sende bursdagsmelding til noken som ikkje he bursdag!