
Tenk kor fort tida går!
Synest vi akkurat har kome heim frå sjukehuset, og så har det alt gått ein månad!!
Vi kosar oss skikkeleg med den nye sjefen og han har alt vore stor og sterk synest vi.
Vippestolen har vi vorte veldig glad i alt. Her er det kjekt å ligge og pludre. Sjå berre kor stor og lang han har vorte.

Beresele er også kjekt å ha, og når han ein får ligge så godt, er det ikkje så rart at vi sovnar litt...

Vi trenar litt på å ligge på magen kvar dag. Det er ein sterk kar dette her.

Om ettermiddagen når Audun kjem att frå arbeid vil han ha pappatid. Då er det koseleg å ta ein blund ilag på sofaen.

1. april såg vi første smilet, og sidan då har det vore mange fine smil. No kjem dei berre oftare og oftare.
Smelt!!
Rett som det er tek han seg ein høg ein!

Det er ikkje lett å få smilet på bilete alltid, men vi har klart det nokre gongar likevel. Her er det bestemor fram på dalen som lokkar fram smilet, medan fotografen får konsentrere seg om å trykke på knappen!

Sjarmøren...
1 kommentar:
For en nydelig fin gut! Heilt skjønn altso! Tida gjeng fort ja, det e i alle fall sikkert. Syns lisjesjefen ha blitt stor :-)
Legg inn en kommentar