Gutane likte kjempegodt å få helse på baby, men det var kanskje hakket kjekkare å helse på pusen. Ho fekk sikkert meir oppmerksomheit enn ho har fått på mange månader, og så fekk vi samstundes sjå at ho er veldig barnevennleg. Ho hadde ingenting imot å verte løfta etter magen, men etter ei stund måtte ho ut ein tur, så då var det kanskje nok oppmerksomheit på ein dag...;-)
Om ettermiddagen kan vi av og til ha litt "rotetid", det vil seie at vi ikkje heilt veit om vi vil ete eller sove, eller om vi berre har litt mageknip...i vertfall hadde vi ein litt slik ettermiddag i går, og Janne fekk ta i bruk gamle triks og bæremåtar for å få guten vår roleg. Litt babysjuk måtte ho innrømme at ho var, men vart fort kurert av dei to krabatane ho hadde med seg, som ikkje ligg like stille som guten vår lenger.
Andreas held opp leiker til guten vår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar