Anette og Siril var først på kafé i Fosnavågen og der møtte vi tilfeldigvis ein liten baby som vi låg i lag med på føda.
Namnet på mora hugsar vi ikkje i farta, men her på biletet ser vi lisjeprinsen ilag med Marie (?), som vart fødd 7. mars. Dei var omtrent like store såg vi, når vi la dei ilag.
Tiril gled seg veldig til å få seg ei lita syster eller ein bror, og syntest det var veldig kjekt å kunne få besøk av ein liten baby. Ho passa godt på han, og at smokken ikkje datt ut.
Torje dikta nattasong for å få guten vår til å sovne. Smelt!
Om kvelden var det berre å vende nasa mot Ørsta igjen, utan å måtte ta omsyn til ferjetider. Det var uvant, men utruleg kjekt. Vi var heime igjen på 30 minutt!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar