I går var vi på trilletur i fineveret. Vi har trilla mykje denne veka, sidan det har vore sol og varmt, men det var første gongen vi var på Engeset og hadde med oss trillepike, ei kry Mathilde, som fekk trille søskenbarnet sitt.
Vogna kan lett justerast i passe høgde, og er så lett å trille, at det er ikkje lenge før Mathilde kan gå på trilletur åleine. Største utfordringa var å sjå kvar ho trilla, for ho ser ikkje over vogna heilt. Men flink var ho vertfall, og passa godt på lisjebroren vår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar