
Tidlegare i vinter fann ei venninne ut at ho ville starte barnekor fram på dalen. Ho ville gjerne at det skulle vere litt fleire vaksne med, og spurte om Anette kunne tenke seg å hjelpe til. Med litt forbehold om kor mykje, med tanke på tida rundt fødselen, sa Anette ja til det, og har no vore med på dei aller fleste øvingane. Borna som er med i koret er for det meste elevar frå Åmås, og litt frå Dalane skule og barnehage. Dei er ein fin gjeng, som er flinke å synge.
Vi har no fått i oppdrag å synge i kyrkja, på Amnesty-konsert, og det vert første gongen vi opptrer. Møt opp i kyrkja om du vil høyre oss, søndag kl 18.00!
1 kommentar:
Forstår ikkje kva som skjer med kommentar-felta på dei siste innlegga...
Dei e borte vekk!!
Legg inn en kommentar