torsdag, april 17, 2008

Klubb med gjengen i Bondalen


Ein gjeng som er busette i Bondalen har starta med klubb ein gong i månaden. Først var det damene som fann ut at dei ville samlast, men etterkvart fann karane ut at dei kunne liksågodt samlast dei også, på same tid. Sidan denne gjengen er dei vi held oss mykje i lag med, vart det naturleg for oss også å vere med, sjølv om vi ikkje bur i dalen.
Denne gongen var damene samla med Oddhild, og karane var samla med Jan Ove.

Ingen kommentarer: