Onsdag fekk vi endeleg vere med på babybading. Sidan det var første gongen Marius skulle bade i basseng, var vi litt spente på om han likte det eller ikkje. Det såg heldigvis ut som han kosa seg i vatnet, og det gjekk faktisk bra å få vatn i ansiktet også. No gler vi oss endå meir til neste gong vertfall.
Vi var ganske mange på babybading, og her ligg alle babyane i baderingar og vart sende frå den eine til den andre, heilt til dei hadde kome ei runde rundt. Ungane kosa seg, og mødrene (i vertfall Anette) var vel nervøse for om babyane skulle ramle ut, men det gjekk veldig fint med alle.
1 kommentar:
Deilig, deilig, deilig!!!!
Legg inn en kommentar