tysdag, september 30, 2008

Barseltreff idag...


Idag var det Lavin som inviterte til barseltreff heime med seg, og då fekk vi ta turen til Flatneset på Sæbø. Derifrå trilla vi ilag til sentrum og ned på "Gamle-Rise" og fekk teste ut den ny-åpna Elverampa (for dei som ikkje er lokalkjende, så er det ein sti langs hovudvegen mot Sæbø).

Etter trilleturen fekk babyane leike på golvet heime med Lavin.
Paparazzi-Anette fekk då knipse i veg med sitt nye kamera;-) I like!!
Her er Synnøve og Matias. Matias har alt begynt å røyse seg opp, og er så utruleg sjarmerande og livlig!! Han er vél to veker eldre enn Marius'en vår.

Sigrun Viktoria har vorte flink til å sitte sidan sist, og ho veit å sjarmere alle "karane".

Elverampa. Fint eller?

Ingen kommentarer: