Etter veker med sleving og kleiing er endeleg første tanna komen gjennom. Rett nok er det ikkje så lett å sjå den enno, men vi kjenner den og "høyrer" den. Igår tok vi eit kjøkkenglas og trykte ned på gommane, og då høyrde vi eit lite "klunk", og vi såg at der var noko kvitt. Idag er den tydelegare, og no er det ikkje tvil. Venstre tann i underkjeven er på veg opp!

Her er eit bilete frå i går, då vi var ein snartur til Nordfjordeid. Sidan det var Eidamesse var butikkane opne, og vi fekk handla litt nye klede til Marius til vinteren.
På Folkestad vart det ei stund å vente på ferja, og då fekk Marius sitte inni rattet litt...det var stas!
2 kommentarer:
Grattis med første tanna!:)
Linnea var tidle ute med dei to første, før ho var fire mnd...
Ut på tur, aldri sur :) Kasper med kleia og kleia i munnen, og ej syns no nesten ej skimta nåkke tenne. Men det kan no fort ver feil ;)
Legg inn en kommentar