laurdag, september 13, 2008

Vi har passert 6 mnd!


Tida flyg så fort!
8. september passerte Marius 6 mnd, og no skjer det nye ting kvar dag. Denne veka har Marius vorte berre meir og meir mobil. Han røyser seg opp på kne og gyngar, og tek like godt litt armhevingar opp på tå. Han klarer stort sett å kome seg dit han vil, men det går for det meste bakover enno, ved at han skubbar seg med hendene.
Sitte gjer han omtrent utan hjelp, men vi må såklart ha litt sikring rundt.








Vi trimmar og trimmar...fram på dalen med besta og besten...















...og trimmar litt til....I leikegrinda i Bondalen med farmor.










Sitte sjølv er noko av det kjekkaste vi veit for tida altså!













Tenner!
Sleving, biting og litt meir sutring enn det vi er vande til har det også vore denne veka, så då spørs det om det er tenner som er på veg.

Denne nyinvisteringa var ivertfall kjærkomen. Eit nett som ein kan putte fruktbitar og diverse inni, så får han bite og gnage. Trur det var kjølig og godt på gommar som kleiar.

1 kommentar:

Lillabethos sa...

Du verden så travelt den gutten har det med å bli stor;)
Han er aldeles nydelig altså. Vi måå møtes igjen snart!!