måndag, september 01, 2008

Mykje spennande for tida...

Siste veka har vi hatt mange aktivitetar på programmet.
Tysdag var vi på barseltreff og fekk møte igjen dei som vi gjekk på svangerskapskurs ilag med. Det var kjekt å sjå igjen alle, og få helse på smånurka som låg i magen sist gong vi var samla.




Her ligg alle saman i kronologisk rekkefølge. Marius var nest eldst.







Vi har vore på besøk/i selskap med 3 bursdagsbarn: Signe (Maria og Torgrim), Amalie (Ann Kristin og Asle) og Nikolai (Anne og Yngve) som har vorte 1 år allereie. Skal seie tida går fort!!





Torsdag var vi på babysong på Kaihuset. Det var oppstart på ei ny periode med babysong, så alt var nytt og spennande for oss. Mange hadde tatt turen, og nokre hadde også vore med i vår, så dei kunne litt frå før. Nesten stappfullt i lokalet, og vi storkosa oss. Like kjekt som synginga var det å vere ilag med andre småbarnsforeldre og la ungane få leike ilag. Vi kjem tilbake neste gong, ja!

Idag, måndag, var det Anette sin dag på jobb igjen, og idag hadde Audun fri frå jobb (og frå gardsarbeid!) og fekk vere heime heile dagen med Marius. Trur det var to karar som kosa seg skikkeleg!



Onsdag skal vi på babybading også for første gong. Det er i varmtvassbassenget i Volda, og vi skal vere på ei gruppe med andre babyar i same alder, så vi gler oss kjempemykje. Marius har aldri bada i basseng før, så det skal verte artig å sjå korleis han likar seg. Og igjen får vi anledning til å treffe andre småbarnsforeldre;-)

Torsdag er det klart for ny runde med babysong, og denne gongen har vi avtalt at vi skal på trilletur først, vi som var på barseltreff ilag. Satsar på finevêr!

Faktisk er vi invitert på "ost og kjeks" med ei god venninne på fredag også, så Marius har mykje kjekt i vente denne veka. ;-) Mamsen likar godt å ha litt "avtalar" og sjå fram til ho også..hehe..Så kjekt!!

1 kommentar:

Monika sa...

Hei du
først og fremst TAKKE TAKK for tipset på bloggen min - og eg har fulgt rådet dit :-)
Ellers så såg da dette ut til å vere ein spennende blogg - og eg skal ta meg tid i kveld til å lese
Har dere gard ?
Smil fra monika