onsdag, september 03, 2008

No kjøpte vi eit kjøkken!!

Ikveld fann vi endeleg eit kjøkken på finn.no, ringde med ein gong, og for ein gongs skuld var vi ikkje for seint ute. Har ringt på ein del kjøkken siste tida..denne gongen var vi raske med å ringe, og fekk napp.
Kjøkkenet var frå 2002, i lasert bjørk, og det fylgjer med ventilator, blandebatteri, vask og to høgskap med skuffer. Såg veldig fint ut, synest vi.
Slik såg bileta på finn.no ut:
Nokre glasdører var der også, i innreiinga som var sett opp som ein U.















Til og med karusell i hjørneskapet.

3 kommentarer:

Solveig sa...

So flott da! Bli sikkert kjempefint det!

Astrid sa...

Fint kjøkken dokke har kjøpt! :)

Dagfinrud Moe sa...

Takk. Nesten for råflott til å ha på loftet, synst ej;-)