
I dag er det akkurat 1 år sidan vi gifta oss. Skal sei tida har gått fort!!
For oss var bryllaupsdagen den største dagen i livet vårt då, og no berre eit år etterpå har vi fått oppleve det som må vere det største i livet, nemleg å få verte foreldre. Det var stort då Marius kom til verda, og det skjer store ting nesten kvar dag. Vi føler oss veldig heldige som får oppleve alt dette.
Akkurat dagen idag hadde vi tenkt å feire litt for oss sjølve, men sidan situasjonen i familien er slik den er akkurat no, så bestemte vi oss for å utsette det litt.
Her på bloggen kan vi mimre litt med å leite fram nokre bilete frå dagen vår.

Opp kyrkjegolvet med far..

I brudebilen.

To som tydelegvis hadde mykje arbeid dei måtte få unna denne dagen..hehe..Markus og Steffen.

Tante- og onkelungar. Eskild, Vetle, Daniel, Simon og Kristian spelte kort ute i parken.

Arbeidskarane Markus og Steffen.

Artig med polynese, Jan Ove og Marion i farta her.

Gjestar frå Romsdalen ute i Bondalsparken.
Stemningsfullt med telys frå gjestane inni aluminiumshjertet. Veldig koseleg, synest vi, og veldig fint av Asbjørg å lage slik fin ramme rundt det som skulle kome etterpå, nemleg Anette sin song til Audun. Tusen takk, Asbjørg!

Kameratgjengen frå Bondalen.

Kollegaer frå Åmås som hadde eit hærleg innslag.

Anette og toastmaster, Asbjørg.

Jentegjengen frå lærarskulen. So kjekt at alle kom!!

Mathilde, finaste brudepika.

Audun og Per Helge

Anette og Lene

Lene fiksa kjolen. Passa på heile dagen ho, gode jenta!



4 kommentarer:
Gratulere så masse med 1-års bryllupsdag! veldig fine bilde dokke he lagt ut! håpe dokke klare å nyte dagen sjølv om situasjonen er slik den er.. :)
Gratulerer med dagen :-) klem
Heisann...Ej e no berre litt distree då du...men de veit du vel frå før!?
GRATULERE ME BRYLLUPSDAGEN!!!!!!!
Klem frå Lene og co:)
Takk alle sammen! Feiringa av dagen teke me igjen seinare...:-)
Legg inn en kommentar