laurdag, juni 21, 2008

Vi kosar oss i Sogn

I går kveld kom vi til Hermansverk. Det var godt å kome seg vekk ein liten tur. Vi var litt spente på korleis det skulle gå med Marius som tok vaksine igår, men det har gått heilt fint.
Idag har vi vore i Sogndal på handel, og Marius har vore snill og grei heile dagen. Besten trilla, så mamma og besta fekk gå litt i butikkar. Vi var på Dolly Dimple's og på kafé. Audun var ein tur i lag med jobben til Vik Verk for å sjå på bedrifta som Ørsta stål har slått seg saman med.

På fergekaia mellom Lote-Anda fann Marius ut at han skulle skru på sjarmen, og var i storform! Papsen gjorde eit godt forsøk på å lære Marius kva bil som er noko å ha..;-)

På kafé i lag med besta.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Håper dokke kosar dokke i Sogn. Her er det berre grått og mykje regn. Blir ikkje hyttetur i helge...helsing Janne og Mathilde:)

Anonym sa...

Hei! Me kosa oss ja, men det e sikkert like grått veire her no. Idag he det vertfall regna en del. Ska vere lettare imårgå..fe håpe d verte litt finare te neste helg når d e cup;-)