Idag har Anette og Marius kosa seg heime. Det er veldig varmt ute, og vi fann ut at det var eigentleg best for Marius å vere inne. Vogga som vi fekk av Per Helge har vore god å ha. Marius har vorte meir og meir glad i den, og det er ikkje alltid vi treng om å sove i den. Det går godt an å ligge berre å "strople" og kose seg ilag med alle bamsane.
Ut på ettermiddagen måtte Audun ein tur til Bondalen, og då tok liksågodt Anette og Marius seg ein tur bort til Lene, for der har ikkje Marius vore før. Der var veldig mykje nytt og spennande å sjå på, og når vi tøysa litt, vart Marius i storform.

Marius kosar seg i vogga.

Flygetur!! Jippi!

So kjekt alså!

Lene og Marius.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar