søndag, juni 08, 2008

Grillfest i Bondalen

I helga har det vore Hjørundfjorddagar, og dei siste åra har vi vore ein gjeng som har samlast for å grille laurdagen, før vi reiser til Sæbø. Vi har brukt å vere med Janne og John Åge, og har etterkvart vorte ganske mange, så i år var det nokre glupe "haud" som fann ut at vi kunne kjøpe ein gris og grille den.
Etter litt tenking fram og tilbake, reiste dei til Vartdal og fekk tak i ein gris, og litt tips og råd om korleis den skulle grillast. Grill fekk vi låne med Røde Kors. Sidan ingen hadde gjort dette før var alle litt spent, men resultatet vart så bra at dette frista til gjentaking! Faktisk vart vi så mange, og hadde det så kjekt, at det var nesten ingen som ville til Sæbø.

Er grisen ferdig steikt, skal tru? Grisegrillinga tok mange timar, og krevde litt innsats frå naboar. John Åge, Runar og Jan Ove var grill-ansvarlege. Marion laga marinade. I tillegg hadde Janne, Marion og Åse-Lill laga potetbåtar og salatar. (Håper eg ikkje gløymde nokon...)

John Åge, grillsjef.

Her held vi på å drage ut stonga som grisen hang på.

Her er middagen i gong. Folk kom sigande etterkvart, og Hallvar hadde henta benkar til kvelden, så vi hadde skikkeleg langbord. Veit ikkje heilt kor mange vi vart til slutt. Vi var godt over 30 personar i følge dei som prøvde å telje.

Gode og mette, og klar for fest. Hallvar, Jan Ove, Audun og Kenneth.

Anette...første tur ut på eit heilt år..Skal tru korleis dette vil gå?
Vi hadde ein veldig artig kveld med mange høgdepunkt. Vi kan nemne nokre stikkord: Fotball, baileys, trampoline, og singstar. Bileta frå dette gjekk diverre ikkje gjennom sensuren...;-)

2 kommentarer:

Lillabethos sa...

Hvordan gikk det "på fest"? Klarte du å slappe av og sånn???
Litt rart når det er så lenge siden sist gang husker jeg.......

Anonym sa...

D gjekk fint d. Stolte på at ho mamma å dei hadde foll kontroll...:-)
Men merka dagen etterpå at ej ville fort sta å hente nå, for då savna ej nå veldi..Audun me...me sprong om kapp for å verte først inn te nå...;-)