Mathilde med nr 6 på ryggen
Etter kampane var det full fart rundt for å prøve ulike aktivitetar på området.
I hoppeslottet var det veldig kjekt!
"Fisking i dammen"
Imorgon held Kiwi-Cupen fram med fleire kampar, og då litt meir for dei eldre spelarane. Vetle skal spele første kampen sin kl 13, så då skal vi bort for å sjå ;-)
Marius har vore med i heile dag, og vore veldig snill og tolmodig. Han har vore i bæreselen og vogna nesten frå morgon til kveld.
Audun har siste dagane vore mykje i Bondalen for å hjelpe til med slåtten, sidan Sverre ikkje er i form til å gjere så mykje sjølv, og sidan meldingane framover såg heller dårlege ut, fann Audun ut at han måtte bruke både gårsdagen og dagen idag godt å få gjort unna mest mogleg før regnet kjem. Det vert fort seine kveldar, og idagtidleg reiste Audun i 06-tida, og er ikkje heimattkomen i skrivande stund.
Utpå kvelden kom Per Helge for å ta over, han skal fortsette å slå i natt :-/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar