Forma har gått litt opp og ned, men han har for det meste vore heime.
Tidlegare denne veka vart han innlagd igjen, denne gongen med smerter i ein fot. Han har tidlegare hatt blodpropp i den andre foten, og det er ei av bivirkningane til medisinen han går på. Matlysta er heller dårleg, og mykje kan tyde på at kreften har spreidd seg.
For å finne ut meir, skal han igong med ny runde med prøvetaking og CT imorgon.
Legane seier no at Sverre er alvorleg sjuk, og det har vi vel vore klar over ei stund, men det er likevel vanskeleg å godta.
Mange spør korleis det går, og det er veldig kjekt at folk bryr seg, det set vi pris på. Korleis det går, vil vel berre tida vise, og det er vanskeleg å svare på. Vi håper sjølvsagt at symptoma ikkje er eit teikn på at kreften har spreidd seg...
2 kommentarer:
Tenker på dere.........
Takk for det, gode vennen!! :-)
Legg inn en kommentar