tysdag, juni 24, 2008

"Mammas prins"...

Marius har siste dagane vorte veldig flink å sove om natta. Han har heile tida vore flink til å legge seg, men så har det vore ein del eting om natta, noko som vart veldig travelt for mamsen, som ikkje fekk sove så lenge i gongen. Etter nokre netter med litt skriking har Marius no forstått at han ikkje treng om å få mat kvar gong han vaknar, og søv i staden 5-6 timar i strekk...hærleg!
I tillegg har vi begynt med graut til kvelds. Det elskar han, og det er eit "fóle mosk" å få det til å gå fort nok...skulle helst hatt to skeier slik at det gjekk endå fortare.
I starten laga vi til berre ein liten smak, men allereie no etter litt over ei veke med graut, et Marius ein god porsjon, så dette var saker. Matvit har han ja..
Anette skal arbeide litt frå hausten av, og då er det litt greitt å vite at det går bra med etinga, og få lang tilvenningstid. Anette skal starte gradvis på jobb, og i starten vert det ein dag i veka, pluss litt tilkallingsvikar, så får vi sjå korleis det går. Audun skal vere heime og passe Marius når Anette er på jobb, slik at pappapermisjonen vert strekt over mange veker.
Blide kar...

Ingen kommentarer: