måndag, juni 30, 2008

Ingen prøver eller CT idag likevel...

Vi vart veldig skuffa idag då vi fekk beskjed om at det ikkje har skjedd nokon ting på sjukehuset idag. Sverre skulle få ta nye prøver og nytt CT-bilete, men legen som skulle ta det måtte gå tidleg frå jobb i dag, og rakk ikkje å ta med Sverre. (Denne legen var også sjuk fredag, så han ikkje fekk ta då heller, og idag måtte han ta alle pasientane han ikkje fekk ta fredag...)
Ikkje nok med det. Sverre er veldig gul i huda, og legane fryktar at krefta kan ha spreidd seg. I så fall bør dei finne det ut litt fort, for eitt eller anna gjer at levra ikkje verkar som ho skal når han er så gul. Kreftene er i ferd med å ta slutt, og Sverre får no mat intravenøst sidan han ikkje får i seg nok sjølv.
Vi får håpe at det skjer litt meir imorgon, og at vi kan få nokre svar snart.
Det er så vanskeleg å ikkje vite...

1 kommentar:

Anonym sa...

Heia! Vil berre sei at ej tenke på dokke. Klem :)