No sit Sverre og skal drikke kontrastvæske, for å gjere seg klar til CT-undersøking kl 12.00.
I dag er han litt dårlegare enn i går, synest Annemor, og pulsen er høg.
No håper vi at vi kan få nokre svar raskt etter undersøkinga.
Samstundes som Sverre er dårleg, kavar Annemor med å få legar og sjukepleiarar til å fylgje opp. Han er mykje overlatt til seg sjølv, utan noko hjelp, og får ikkje i seg det han skal utan at Annemor eller andre pårørande matar han. Ein tung kamp å kjempe no som ting er vanskeleg nok som det er.
Men det er vel slik det er i eit underbemanna Helse-Noreg...?
Rike landet vårt...skulle ein ikkje tru..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar