Dagane går, og Sverre vert dårlegare for kvar dag. Han klarer ikkje å prate lenger, og tek ikkje til seg verken vått eller tørt. Siste veka har han vore sterkt medisinert for å døyve smertene, og han fekk til slutt ei smertepumpe, for å få jamn dosering. Då slapp han også å svelge tablettar heile tida, for det tappa han veldig for krefter. Han har fått veldig mykje besøk denne tida han har vore på sjukehus, og vi ser kor det har varma. Han har kanskje ikkje alltid klart å gi uttrykk for det der og då, men vi veit at han har vore glad for besøk.
Slik forma hans er no, er det ikkje så nøye med besøk. Han søv for det meste. Det er ikkje så mykje vi kan gjere lenger, anna enn å vere der. Det kjennest grusomt hjelpelaust. Ein får så lyst å hjelpe, men er heilt utan makt i ein slik situasjon. Vi føler oss veldig små på ein måte...
Jaja, lite koseleg nytt å kome med, men slik er altså stoda no. Vi veit at mange er innom bloggen for å sjå korleis det går, så vi vil prøve å oppdatere litt oftare.
Sverre hadde forresten bursdag på måndag, 68 år.
Idag har Per Helge bursdag. Var det 29 igjen?
3 kommentarer:
Tusen takk for fint bilete av Marius. Varme tankar går til dykk i denne vanskelege tida.
Kondolerer frå oss i Arnegarden.
Takk for det.
Legg inn en kommentar