Sidan vi er på farta så mykje, har Marius'en vår fått testa både tolmodigheita si og sovehjertet...han har funne seg i mykje venting, og soving på dei mest utrulege plassar. Idag sov han i ein time medan han sat i bæreselen for eksempel..
Leggetida har for lengst vorte heilt "skipla". Før la han seg kl 20.30, og no er det ikkje kveld før kl 22.00,- tidlegast...men, men...det går fint det også.
Marius og Kristian på sjukehusbesøk. Marius fekk låne armbandet til Kristian...med piggar!
Tysdag denne veka vart Marius 4 mnd også, og ting skjer. Siste to vekene har han ikkje gjort anna enn å snu seg rundt frå ryggen til magen. Han har fått skikkeleg dreisen på det, og synest det er stor stas, heilt til han ikkje orkar å halde hovudet sitt oppe lenger..då er det ikkje så kjekt å ligge på magen likevel. Men vi har ikkje før snudd han før han er komen på magen igjen. Hehe...sjarmerande. Sånt vert det vel berre meir av;-)
Ein annan ting vi skulle legge ut på bloggen var bilete frå eit sjeldan besøk fram på dalen denne veka.
Ivar og Åshild fekk besøk av Kirsten, Rigmor og Synøve frå Romsdalen, og Aud, frå Lofoten.
Aud er søskenbarnet til Anette, og det var første gong Anette fekk møte Aud. Avstanden har gjort sitt til at vi aldri har besøkt kvarandre før, og i tillegg er det stor aldersforskjel. I sommar kom Aud køyrande frå Nord for å besøke slekta i Romsdalen, og det var veldig kjekt at dei tok turen til Ørsta også, så vi fekk møtast. Bilete frå besøket greidde Anette å slette ved eit uhell...såklart...så vi får satse på at det ikkje vert så alt for lenge til neste gong vi treffast, så får vi forevige oss då.
Lene har vore på besøk, og Marius vert alltid så blid når han ser Lene. Fått seg ein liten favoritt der.
På grilling fram på dalen fekk Marius prøve den nye hengestolen ilag med Mathilde.
Mathilde song og leika med Marius.
Labbe seg, labbe seg, sta etter vatn. Aus oppi! Aus oppi!
Labbe seg, labbe seg heimatt igjen...
1 kommentar:
Hei:) takk for koselig hilsen på bloggen min! Så fin blogg dere har, og med mange flotte bilder av en skjønn gutt:) Det er rart det der med sammenhengen mellom antall besøk og antall kommentarer! Jeg er kjempeglad for hver kommentar jeg får, og setter stor pris på det! Men det er jo merkelig at det er så mange innom uten å skrive også, merkelig at det er så mange innom i det hele tatt også:) Men det er jo koselig da, og jeg har innsett at man må nok finne seg i å blogge for både kjente og ukjente! Ønsker svigerfaren din god bedring, og sender dere mange varme tanker! god helg! klem fra silje.
Legg inn en kommentar