På sjukehuset er det lite som har endra seg siste dagane. Sverre har hatt veldig mykje besøk, og det ser ut som det kvikkar han opp. Han seier at han synest det er kjekt med besøk i vertfall. Han får mykje medisinar for å dempe smerter, slik at han til tider er ganske sløv, men har siste dagane klart å ete litt sjølv, så han ser litt kvikkare ut i ansiktet. Mange slektningar og naboar har kome innom desse dagane, og det set vi kjempestor pris på. Det varmar både oss og Sverre å sjå at folk bryr seg.
Og til alle dokke som har sendt meldingar på mobil: Det er ikkje alltid vi er så flinke til å svare, men vi set veldig stor pris på at de tenkjer på oss. Tusen takk!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar