søndag, juli 20, 2008

Marius'en vår er god å ha...

Midt oppi alt det triste som har vore no siste tida, har det vore veldig godt å ha Marius. Han er humørspreiar, og avhengig av at rutinene og andre ting går som normalt. Siste tida har han også vore veldig blid og lite "styr" med, (ikkje for å skryte altså..) han smiler og ler til alle han ser, og ser ut til å trivast, same kvar vi er. Eit unntak var då Anette skulle prøve å vere med på eit lite bursdagsselskap. Susanne, ein kollega av Anette, feira dagen sin, og vi var på bowlingen ein tur. Der var Marius i fanget på eine dama etter den andre.

"Bursdagsbarnet" Susanne og Marius.

Fride (også kollega) og Marius.
Etter bowlingen skulle vi på kinarestaurant og ete mat, men der skar det seg. I dei tider brukar Marius å få graut, men Anette tenkte at det sikkert var greitt om han berre fekk morsmjelk....Det var ikkje Marius einig i, gitt! Han vart ikkje fornøgd før Anette fór heim og gav han graut...
Jaja..så fekk vi sjå den sida også..
No har vi faktisk byrja med middag også. Marius slurpar i seg kva det skal vere, og med ein gong skeia kjem i munnen seier han: "Mmmmm!" Ingen problem å få i denne karen mat i vertfall.


Tripp-trapp-stol er vel i tidlegaste laget for Marius, men på besøk med onkel og tante på Engeset ein dag, måtte vi berre prøve. Vi stappa oppi mange mjuke puter, og Marius kosa seg i stolen, han!

Ser ikkje igjen stolen omtrent...bra oppstappa.

Sjekk dei gode bollekinna då!




Marius kosar seg på golvet, og har fått skikkeleg dreis på rullinga. Han likar best å rulle til eine sida, og då går det fort. Til andre sida må han jobbe ei god stund før han får det til, og då tek han ofte nokre pauser der han "et" hender...ganske løye å sjå på.

-"Kar den va no gjen dinna opninga...?"

-"Der ja, no fann ej den! Mmmm, godt med fingra!"

-"Skal tru om ho mamma fekk med sej ka ej gjorde i bleia akkurat no?"

-"Haha, der lurte ej dej godt!"

1 kommentar:

Åse-Lill og Runar sa...

Kjempe nydelige bilde! Trur vi må komme på besøk en dag, da Marius e våken.. ej he fått god trening no:)