måndag, juli 28, 2008

Ei tøff veke...kva vil framtida bringe?


Ei tøff veke er unnagjort, med planlegging og gjennomføring av gravferd, og no er kvardagen er tilbake. Rett nok har vi ferie enno, men alt som Sverre har styrt med må gå som før, og det let ikkje vente på seg. Audun prøvar å setje seg inn i alt det som har med garden å gjere. Det ser ut som at det vert vi som kanskje kjem til å flytte bort i Bondalen for å ta over drifta på garden. Vi har ikkje skrive noko om det på bloggen før, og det er fordi det ikkje er heilt formelt i orden enno. Audun er trass alt yngst i syskenflokken, så det er viktig å fylgje reglane for overtakinga, slik at alt vert rett. Odelslova er innvikla, og no midt i ferietida har det ikkje vore lett å få tak i rette folka til å hjelpe oss med å få gjort det på beste måten, men det vert vel ei ordning på det om ikkje så alt for lenge, håpar vi.
Vi går difor ei spennande og litt uviss framtid i møte. Travelt vert det nok også...men vi er villige til å prøve livet som gardbrukarar, og sjå om vi klarer det.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det stend respekt av at dåkke vil ta på dåkke å drive garden vidare. Det e nok mykje arbeid, og e ikkje alle som ha tatt på sej det. Men e heilt sikker på at dåkke vil klare det so flinke som dåkke e!!

Dagfinrud Moe sa...

Takk for det! Me ska vertfall prøve so godt me kan, men d verte sikkert tøft første tida, før en kjøme inni d heilt.