søndag, juli 20, 2008

Meir dill i hus...

Tysdag var damene og Marius på tur til Ulsteinvik. Der vart det gjort nokre nyinnkjøp, og vél heime igjen, måtte me teste ut litt av kvart..

Marius fekk ny leike til å feste på vippestolen, og den var ein kjempesuksess!
Han hamra så hardt på den at det nesten såg ut som han skulle slå seg sjølv...(litt likt mora då ho var lita visstnok..)

Leike nr 2 var ein "badestol". Den er sugekoppar under, slik at den står fast i badekaret/badebaljen, og kan snurre rundt. Her er det "tørrtrening", før stolen vart testa ut i våtare omgivelsar seinare. Marius var litt skeptisk første gongen, men no ser det ut til at han likar den godt.

Ingen kommentarer: