laurdag, januar 09, 2010

Kven liknar vi på? Utfordring!

Litt artig dette med kven vi liknar på. Mange spør oss kven Marius er lik, og mange meiner at han er prikk lik mamma, eller pappa, litt etter kven dei har sett som små. Nokre ser også at han liknar på besteforeldre. Marius er sjølvsagt mest lik seg sjølv, men nokre trekk både her og der klarer vi å spore tilbake både ein og to generasjonar....og ikkje berre etter utsjånad, men andre ting også..

Marius ca 1,5 år.

Audun, ca 2 år?

Anette ca 10-11 mnd.

Ikkje så heilt ulik farfaren sin heller.
Sverre
(Er usikker på alderen her, men han er nok litt eldre enn Marius er no.)

Ein ting eg synest er artig er slike småting som til dømes augebryna til Sverre, Audun og Marius. Dei har ein slags arveleg greie der dei hevar eine augebrynet når dei snakkar el.l. Sameleis er det med eine arma om natta dersom dei ligg på rygg. Arma vil dei ha liggande opp på panna, men så snart dei sovnar, dett handa ned, slik at dei rykker til og tek den opp på panna igjen. Er ikkje det rart at sånt kan gå vidare i genane slik?
Med Mariell er det også ein ting vi har lagt merke til. Ho har smilehol, men berre på eine kinnet, akkurat slik som Åshild, som er mormor.

Hadde vore artig å utfordre andre bloggarar, eller blogglesarar til å skrive om det er noko liknande i deira familiar. Legg gjerne att ein kommentar, eller lag eit innlegg om dette, dersom du har lagt merke til noko slikt i di familie, for det hadde vore litt kjekt å høyre om...lurer litt på om det er berre tilfeldigheiter ute og går, eller om det er vanleg...

5 kommentarer:

Randi sa...

Hi hi, kor artig at dei gjer slik, og kor fine bilder! :) No må eg tenke meg litt om korleis det er med våre... ;)

Pia sa...

Jeg synes sånt er vanskelig å se. Men ser jo på bildene du har lagt ut, at det absolutt er likheter!

Anette {foreldremanualen} sa...

For en artig utfordring! Synes han er veldig lik farfaren, men han har kanskje fått sin mammas øyne?

Anette {foreldremanualen} sa...

Kan du sende meg en mail? ;-)

Gjengen framma dala sa...

Begge to lese sej heimatte til både foreldre å besteforeldre:-) Snakka om "fakte" so gejnge igjen, Ej he litt skeiv underlippe, ingen som ser anna enn ej, men mary ann og astrid he fått same lippa, men meir tydeli å veldi framtredande når dei grine. Sigrid he ikkje fått den å d synst ej faktisk e litt rart :-)
Kor kjekt at dokke he portrett ta farfar Sverre, det må du scanne å legge på harddisk!!