torsdag, januar 28, 2010

På besøk.

Idag har eg, Marius og Mariell vore på tur til Herøy for å besøke Siril og Tilda. Vi tok laust i snøkava, og fann vegen sjølv om det lava ned snø, i vertfall på denne sida av tunellen. Då vi kom ut av Eiksundtunellen på Eiksundsida, var det nemleg eit heilt anna vér og føre der enn det var i Ørsta. Merkeleg kor stor forskjel det kan vere, men dette har vi sett før, så det var ikkje noko nytt. Likte dårlegare at eg måtte bruke vindusviskarar inne i tunellen. Ikkje så kjekt å køyre i ein tunell langt under vatn når du ser at det renn vatn frå taket. Men det var no det...
Siril og Tilda stod og vinka til oss i vinduet då vi kom. Vi hadde ei koseleg stund med prat og leik i lag. Merka at vi alltid har mykje å prate om, sjølv om det ofte er lenge mellom kvart besøk.
Tiril kom heim frå skule også etterkvart, og det var tydeleg at dette var storesyster med stor "s". Ho ordna ut, både med Marius og Mariell. Ho og Mariell hadde seg ein lang prat. Det var både gurgling og latter, og det verka som dei forstod kvarandre godt.

Marius og Tilda.

 
Marius likte veldig godt teltet som Tilda hadde. Det var kjekt å gøyme seg inni, og så seie "tittei" når han kom ut.

Tilda og Tiril med Mariell på fanget.

Takk for ein koseleg dag ilag med dokke!

3 kommentarer:

Solveig sa...

So koselig da! Sukk, den som hadde hatt berre en tunnelltur til dåkke alle! Klem

Åse-Lill og Runar sa...

Fine nye utforming på bloggen dokka! :)

Lillabethos sa...

Tusen takk selv!! Det var en utrolig kjekk dag og så koselig å se dere alle igjen!
Vi må bli flinkere til å møtes (vet vi sier det hver gang, men vi må ikke gi opp håpet om at det lar seg gjøre, selv om hverdagen er travel for oss alle)
Det var en kjempeflott ny blogg du har laget til!!!
Likte veldig godt bildene av Mariell og Marius! Du er så flink til sånt!!!!

Koselige bilder av Tiril, Tilda og Mariell, og med Marius i teltet! Vi simpelten bare MÅ møtes igjen snart!

Klem