I "Glimt av Norge" ikveld får vi møte ei lita familie frå Olden i Stryn. Denne familien har eg fulgt ei stund på bloggen deira på http://jannefredheim.blogg.no/
Dei er ei familie som fekk oppleve kor fort livet kan snu over natta, frå å vere eit normalt liv med ei lita babyjente, til å få alt snudd opp ned av ein sjukdom som heiter Guillian Barre. Dette ramma far i familien, og han vart plutseleg sjuk, så sjuk at dei ikkje visste om han ville overleve. Etter å ha kome over det verste har han kjempa seg ut av rullestolen, med eit mål om å kunne gå oppover kyrkjegolvet på eigne bein for å få gifte seg med si kjære Janne.
Eg kjenner ikkje denne familien personleg, men har likevel fulgt dei heile vegen på bloggen, og har vorte meir og meir imponert over korleis dei har kjempa seg gjennom den tøffe situasjonen dei kom oppi. Janne har blogga om følelsar, ventetid, uvisse, prøvetaking, prøvesvar, pendling til Førde med den vesle jenta deira, oppturar, nedturar undervegs osv. I dokumentaren ikveld får vi sjå litt om korleis det har vore å verte ramma av denne sjukdommen. Eg anbefalar alle å sjå dette programmet om denne flotte familien frå Olden.
1 kommentar:
Å, ditta las ej på bloggen deira for ei stund sida, og hadde tenkt å sjå. Men so gløymte ej det soklart... Uffda.
Legg inn en kommentar